Søk etter turer og aktiviteter

Vis avansert søk

Påmelding

Fakta

Turdatoer
21.07.2012 - 29.07.2012

Merk at datoen for denne turen er passert!

Terreng
Kupert
Vanskelighetsgrad
Litt krevende
Passer for
Voksne
Geografisk
Jotunheimen
Kontakt/påmelding
Per Jotun
997 10 347
Arrangeres av
Stavanger Turistforening
Fjellturkomiteen

AVLYST! Kjente og ukjente Jotunheimen

517

Jotunheimen. foto: Hilde Løken MagnussenDette er ein tur som tek deg med på sju dagar i Jotunheimen. Frå utkanten og mindre kjende ruter sør for Bygdin. Til dei klassiske og kjende delane rundt Gjende med historiske hytter som Gjendebu, fyrste hytta åt Turistforeninga. Memurubu som er privat og til Gjendesheim, flaggskipet til Turistforeninga sine hytter. Turen blir avslutta over Besseggen, den mest traffikerte ruta i Jotunheimen, ikkje utan grunn. Vi legg også inn to toppturar over 2000 meter, Nørdre og Store Svartdalspiggen, rett sør for Gjendebu. Frå Memurubu tek vi også turen opp på Surtningssue, ikkje ein så ofte omtala topp, likevel er været bra får vi ei av dei beste utsiktene i Jotunheimen.

Laurdag:
På denne turen har vi leid buss med egen sjåfør som er fast følge på hele turen opp og ned til Jotunheimen. Dette gjør turen behageligere, billigere og mer effektivt. Med egen buss trenger vi ikke skifte til flere typer transporttyper, eller bruke unødvendig venting på de ulike destinasjonene. Avreise lørdag morgen.

Dag 1, sundag til Yksendalsbu - 7,5t
Yksendalsbu sommeren 2010Etter at DNT opna Yksendalsbua i 1993, vart stigen merkt eit par år seinare. Frå riksveg 51 (1075 moh) er det 19 km til sjølvbeteningshytta, og vi følgjer delvis gamle støls- og driftsvegar. Ruta tek oss over Marabotthornet på 1378 moh som høgaste punkt på ruta, og vi vil gå til saman nesten 700 høgdemeter opp og ned. Dette området sør for Bygdin er lite traffikert i motsetnad til områda ved Gjende.


Dag 2, måndag til Fondsbu - 7t
Frå Yksendalsbu til Fondsbu er det 17 km og til saman rundt 750 høgdemeter opp og ned. 350 av desse er starten frå hytta. Høgaste punktet er 1430 moh. Turen gjev oss fjellbjørk, kratt (= mygg), steinur, vi passerar og fleire vatn, ikkje minste fin utsikt fleire stader på turen. Fondsbu er betent og severar mat som tek utgangspunkt i lokale råvarer.

Dag 3, tysdag til Gjendebu - 5t
Fondsbu i juli.Over til Gjendebu er det nesten 16 km i lettgått terreng. Våte områder i det fyrste stykket etter Bygdin før vi tek fatt på oppstiginga mot Høystakka. Høgdemetra på denne turen er vel 350 meter opp og ned. I Veslådalen nedover mot Gjendebu, kjem vi inn i Jotunheimen Nasjonalpark. Resten av turen vil vi halde oss innanfor nasjonalparken. På Gjendebu møter den eldste hytta åt DNT oss, frå 1871. Det var her Edvard Grieg møtte Gjendine Slålien og vart inspirert til å skrive “Gjendines bånsull”.

Dag 4, onsdag dagstur til Nørdre og Store Svartdalspiggen - 7t
GjendebuOnsdagen kan dei som vil vera med opp på Nørdre og Store Svartdalspiggen på 2174 og 2137 moh. Det er ein bratt tur på 12,5 km, men motbakkar er alltid verst til du har byrja på dei. Fjellfører Kjell Nyøygard anbefaler ”motbakkekost” i sekken: en grov brødskive i timen med smør, honning, geitost og te på termos til lengre turer, sjå http://www.40pluss.no/helse/145-fjellvandring-er-balsam-for-kropp-og-sjel. Store delar av turen vil vi ha utsikt ned mot den nesten to mil lange Gjende, som vi også vil halde oss i nærleiken av dei neste dagane. På toppen vil vi også om været tillet ha fin utsikt mot dei områda vi skal gå dei neste dagane. Ikkje minst har vi utsikt over det alpine området mellom Gjende og Bygdin. Om turen er bratt, er han likevel rekna som enkel, sjølvsagt må det reknast med ein del stein på delar av turen.

For dei som ikkje vil opp i høgda, kan dei slappe av på Gjendebu eller ta ein tur i nærområdet, kanskje eit forfriskande bad i Gjende?

Dag 5, torsdag til Memurubu - 5t
MemurubuTorsdagen legg vi i veg til Memurubu over Bukkelægret. Dette er ikkje like kjend som Besseggen, men det er dei som meiner det er meir luftig her. Turen er litt over ei mil og dei rundt to fyrste kilometra går vi etter Gjende før vi tek fatt på bratta opp sjølve Bukkelægret. Her er det bratt og det er bolta fast kjetting til å halde seg i om du treng det. Ruta er likevel ikkje rekna som farleg. Sjølv om vi er 1000 meter eller meir over havet, er det eir rikt planteliv i den solvendte lia opp frå Gjende. Høgaste punkt på turen er rundt 1480 moh og oppe på Memurutunga er det småkuppert fram til vi tek til på nedstiginga mot Memurubu. Delvis bratt, med grus og laus stein dei siste 300 høgdemetra. Memurubu er privat, men eit viktig knutepunkt for turar i denne delen av Jotunheimen.

Dag 6, fredag dagstur til Surtningssue - 10t
Fredag kan dei som vil slappe av på Memurubu eller ta seg ein tur i nærområdet, kanskje enda eit bad i Gjende? Resten tek den 22 kilometer lange turen opp på Surtningssue på 2368 moh. Ein lang tur og nesten 1400 høgdemeter frå Gjende/Memurubu på rundt 1000 moh, det stig jamnt innover Memurudalen til vi er omlag 1600 moh. Frå her og opp på toppen er det ein del brattare og meir stein og område med lausgrus. Premien etter å ha gått rundt fem timar er etter det somme meiner ei av dei beste utsiktene i Jotunheimen. Alt etter korleis været er, kan vi ta same ruta ned att eller følgje høgaste ryggen på nordaustsida av Memurudalen, over Raudhamran, forbi Hesttjønne, ned ved Hestebekken og til Memurubu att.

Dag 7, laurdag til Gjendesheim - 7t
GjendesheimLaurdag går vi over Besseggen og til Gjendesheim, den mest gåtte ruta i Jotunheimen, rundt 50000 kvart år. Ikkje utan grunn, heile turen gjev god utsikt over Gjende og fjella i kring. I tillegg kjend frå Peer Gynt av Henrik Ibsen. Fyrste delen opp frå Memurubu er bratt, tung og varm om været er fint. Oppe på fjellet er det lettgått sørover mot Bandet, den smale og ikkje særleg høge ryggen som hindrar Bessvatnet å renne dei 400 metra ned i Gjende. Her er det fint å raste og å bade for dei som freistar det. Etter Bandet byrjar sjølve Besseggen med 250 høgdemeter. Ikkje så smal og kvass som namnet seier. På den siste og smalaste treiadelen, må du rekne med å klyve litt, men det er inga fare for å ramle utfor. Største problemet kan vera mykje folk med venting og køgåing. Oppe på Veslfjellet stig det slagt ein kilometer før vi er på toppen med 1743 moh og høgaste punktet på turen. Frå her går det slagt nedover til vi kjem ut på kanten av stupa over Gjendesheim. Der stigen tek til nedover er det ein bratt del som er sikra med kjetting for å halda seg i. Resten av turen ned til Gjendesheim er forhaldsvis bratt men grei. På grunn av all ferdselen er det tilrettelagt med murar og stein, for å hindre erroosjon og altfor stor slitasje på vegetasjonen. Vel nede att, er det flaggskipet i Turisforeninga sine hytter som møter oss. Bygd i 1878, men utvida fleire gonger, seinast  i 2007 med nytt sovehus.

Sundag 
Heimreise med egen buss og sjåfør.

Turledere:
Per Jotun og Marit Hauge

Pris:
Medlem kr 8 900, ikke medlem kr 11 500

Hva dekker prisen:
Reise til og fra Jotunheimen, turledelse, overnatting på opptur og nedtur, samt på alle hyttene. All mat på hyttene.

Hva er ikke inkludert i prisen:
All mat på reisedagene dekkes av den enkelte.

Utstyr:
Myggmiddel, utstyr som er anbefalt for sommarfjellet, silke-/lakenpose for overnatting på hyttene. Badetøy. Fjellflora.

Planleggingsmøte:
Slutten av juni, byrjinga av juli?

Kart:
Jotunheimen 1: 100 000