Del | Tilbake | Skriv ut | Tips en venn

Jubeltur til Gramstad

På Fjogstadnuten. Foto: Njål Vadla
På Fjogstadnuten. Foto: Njål Vadla
Endelig slo finværet til og over tretti personer var med på seniorgruppas jubileumstur til Gramstad. Tur, mat og kulturhistorie sto på programmet.

Turleder og fotograf Njål Vadla skriver:

Tysdag 22. mai hadde eit trettital seniorer stevnemøte på Gramstad. Sol frå skyfri himmel og grønnkledde liar skapte ei fin ramme rundt det kvitmalte huset vårt. Leder av seniorgruppa Kirsten Opdal helste velkommen og inviterte til tur for dei som ville, fjelltur eller rusletur.Begge turane gjekk gjennom granskogen og til Revholstjørn. Fjellturen fortsatte opp om Fjogstadnuten med storslått utsyn over fjellheimen vår, og til havet der ute. Avstikkaren til Kallandsnuten var ein ny opplevelse for dei fleste. Herfrå fekk me sjå huset vårt i fugleperspektiv.

Etter eit par timar var alle samla til dekka bord, og fekk servert smørbrød og nysteikte vafler av nokre fjåge jenter. Innimellom formidla Per Inge Watne historia om Gramstad med tilhørende herligheter på ein framifrå måte.

Festen blei avslutta ved bordene i solveggen utafor. Alle var samde om at dette var gildt, og takka kvarandre for det.

Se alle bildene fra turen.

Kirsten Opdal hilsen velkommen. Foto: Njål Vadla
Kirsten Opdal hilsen velkommen. Foto: Njål Vadla

Ved Revholstjørn. Foto: Njål Vadla
Ved Revholstjørn. Foto: Njål Vadla

Etter turen smakte det godt med smørbrød og vafler. Foto: Njål Vadla
Etter turen smakte det godt med smørbrød og vafler. Foto: Njål Vadla